Tre i Laget om klimaengasjement

Laget er en student- og skoleungdomsrørsle med omhug for elever og studentar i – og utanfor – Noreg. I ei tid prega av miljø- og klimaspørsmålet, ynskjer Laget å setje fokus på klima og miljø som ei disippelsak. Gud satte mennesket til å verne om jorda, og dei som fyllar den. Da er det ei sak som ikkje berre leiinga i Laget ynskjer å fokusera på, men mange av våre ungdommar har eit brennande engasjement for klimasaka. Her kan du lese nokon av deira historier, syn, utfordringar og engasjement kring klimasaka:

THOR DUE:

Eg lærte på barneskulen at noko var gale med klimaet. Det falt meg naturleg å forsøke å fikse det som var galt, akkurat som med alle andre problem. Etter kvart som eg las i Bibelen, skjønte eg også at Gud er tydeleg på at vi har eit ansvar og ei plikt til å ta vare på verda. Både når han kallar oss til forvaltarar i skapingshistoria, eller når Jesus talar om nestekjærleik. Nestekjærleik gjeld også for folk som bur på stader øydelagd av klimaendringane eller forureiningar. Nestekjærleiken gjeld også for folk både i notid og framtid.

For å klare å fikse det som er gale, er vi nøydd å høyre på vitskapen. Vitskapelege berekningar seier vi ikkje kan forbruke meir olje. Då er vi rett og slett nøydd til å la olja i Barentshavet ligge, dersom vi på alvor vil vise oss forvaltaransvaret verdig, eller dersom vi vil utøve den nestekjærleiken vi er kalla til. Så får det så vere at vi kanskje får litt mindre statsbudsjett, eller at vi ikkje kan dra på flyferie. Jesus kallar oss til å gjere langt vanskelegare ting enn å ikkje fly til Thailand.

Så er det også vaksne som seier unge ikkje gjer noko for klima og miljø. Dei aller fleste gongane vaksne klagar over unge som ikkje får gjort ting, er det fordi dei vaksne har mislukkast sjølv. Noko av det beste eg veit, er når unge menneskje står opp for seg sjølv, det dei vil oppnå og det dei trur på, utan at det er vaksne som står bak. Det er det eg diggar med Laget og Natur og Ungdom. Her er det ungdom sjølv som styrer, organiserer og er tydelege på det dei trur på, både for seg sjølv, men også for resten av menneskeslekta.

— Thor Due (22)
Sentralstyremedlem – Natur og Ungdom
Medlem i Oslo kr. studentlag 

Thor_credo_edit.jpg

Denne teksten er trykket i andre utgave av Lagsmagasinet Credo. Få fremtidige utgaver av magasinet sendt hjem til deg som Lagsvennsmedlem:


FRIDA BRØRNEREIM:

Å ta vare på kloden vår er utruleg viktig, og det er eit tema som er viktig uansett kor du engasjerer deg. Miljø handlar om meir enn berre å ta vare på kloden, det handlar om å ta vare på dei menneskja som lever her, og som skal leve etter oss. Planeten vår er så uendeleg vakker, og eg vil ikkje sitja med hendene i fanget og vita at eg ikkje gjer alt eg kan for å ta vare på den.

Eg er veldig for dei småting ein kan gjer i kvardagen, som skaper en stor forskjell. Eg brukar Instagram-kontoen min til å dele desse tinga. På «Instastories» når eg ut til mange som elles aldri ville tatt seg bryet med å tenkje på korleis ein kan redde verda – litt og litt – gjennom daglege handlingar og val. Eg er også engasjert i Natur og Ungdom i mitt fylkje.

Eg meiner at Laget bør løfte fram denne saka ettersom Gud sat oss til å ta vare på det han har gjeve oss, og då må vi gjer det. I tillegg handlar miljø om nestekjærleik til dei rundt oss, og nestekjærleik til dei som kjem etter oss. Eg trur uansett ikkje me klarar dette åleine. Me må – som i alle andre område av livet – ha Gud med på laget. Å vere miljøforkjempar handlar ikkje berre om å fly mindre eller minske forbruket sitt. Å spreia Guds ord er også ein måte å vere miljøforkjempar på, og der gjer Laget utvilsamt ein viktig jobb!

— Frida Bjørnereim (18)
Lagsmedlem på Firda vgs Byrkjelo

Frida_credo_edit.jpg

BRIT HODNE:

Jeg har engasjert meg ekstra for klimasaken etter at jeg gikk ett år på Hald Internasjonale Senter, som Laget er medeier av, for en del år siden. Jeg er optimist av natur, og har veldig stor tro på den forskjellen enkeltmennesker kan gjøre med måten vi lever på, både gjennom ord og gjerninger; det vi gjør, og det vi lar være å gjøre. Jeg har endt opp med å utfordre meg selv på én ting om gangen. Først ved å ikke kjøpe nye klær og sko, så ved å kutte kjøtt, så bytte ut forbruksvarer av plast og bomull – med varige eller miljøvennlige alternativer. Nå for tiden skjerper jeg meg på det som har vært min aller største miljøsynd – lange flyreiser.

Jeg kommer aldri til noe nullutslipp på noen av disse områdene hele tiden, men opplever at det er mulig å legge om vanene mine, og at jeg blir mer og mer bevisst gjennom å øve meg. Jeg er så heldig at jeg bor med noen venninner i et disippelkollektiv, hvor vi både ber sammen, spiser sammen, og øver oss på å leve miljøvennlig sammen. For meg er det viktig at vi ikke slutter å prøve, selv om vi ikke alltid klarer å ta de beste valgene. Det er bedre å gjøre noe enn å gjøre ingenting, tenker jeg! Alle monner drar.

I Laget har vi laget en «lagslunsj» om klima og Bibelen, som jeg håper kan inspirere Lagsungdom over hele landet til å leve bevisst i forhold til skaperverket rundt oss. Det er jo tross alt en del av det å elske vår neste, og ta vare på alt det gode som Gud har skapt.

— Brit Hodne
Lagsarbeider og Interact-ansvarlig Oslo

Brit Hodne_edit.jpg